Vellukka fellesarrangement på Filefjell

Om lag 200 personar var møtt fram til storfeiringa i Lærdal laurdag 30.august. Det starta med høgtideleg markering av ny E16-strekning, vidare til vandring på historisk veg med opning av fire restaurerte bruer og til slutt feiring av to jubileum – Grunnlova og Statens vegvesen.[01.09.2014]

Arrangementet starta ved den nye brøytestasjonen på Borlaug, der det var markering av at det no er sett trafikk på 9 km av totalt 11 km ny E16 mellom Borlaug – Smedalsosen. Dei siste to km av parsellen skal bli ferdig i løpet av hausten.

På Borlaug er det mellom anna er bygd ny rundkøyring, kolonnefelt og brøytestasjon. Her vart det intervju, helsingar og kulturelle innslag frå scena, før direktør i Vegdirektoratet Lars Aksnes kutta norgesbandet med ein snidel, ein tradisjonell reiskap frå Sogn.

binary-677345-979989Foto: Statens vegvesen

%d bloggere liker dette: