Dyrsku’n er Noregs viktigaste møteplass for mat og landbruk, handel, politiske debatter, foredrag og rotekte opplevingar.

Folksomt på Dyrskun. Foto: Jan E. Thorstein
Dyrsku’n samlar årleg 90 000 gjester frå heile Noreg til handel og rotekte kulturopplevingar, tre dagar i september.

Den mangfaldige messa med dei lange tradisjonane er staden for mange unike og fruktbare møte mellom tradisjon og nyskaping, gründerar og etablerte firma, og mellom by og land. I dessa møta skapast kunnskap og stoltheit om norske tradisjonar og norsk bygdekultur, så vel som nyskaping og gründerverksemd.
Handel, kultur, handverk, mat- og landbruk er sentralt på Dyrsku’n.
I over 150 år har folk valfarta frå heile landet til den tradisjonsrike Fesjåplassen i Seljord for å kjenne den særeigne stemninga og oppleve kulturberaren og folkefesten Dyrsku’n. Her finn ein utstilling og dømming av dyr, kulturprogram med lokale og nasjonale aktørar, husflids- og handverksutstillingar, historisk framvising av landbruket, samstundes som innovasjonen også står sentralt under arrangementet.
Kring 1500 elevar og studentar besøker årleg messa for å ta del i eit skreddarsydd program for deira fagretning. Elevane/studentane vert invitert til appell med landbruksminister, guida turar på utstillingar innan norsk husflid og handverk og til deltaking på ulike debattar og foredrag.
Den store husflids- og handverkstevlinga, som er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag, Vest-Telemark Museum og Dyrsku’n, er svært prestisjetung og bidrar sterkt til både framsyning av gamle tradisjonar, rekruttering og stimulering til nyskaping i bransjen. Det blir årleg dela ut stimuleringsprisar og rekruttprisar, i tillegg til premiering innanfor ein rekke kategoriar både i tradisjonelt og innovativt handverk.
Handverk blir synt fram på fleire arenaer på plassen. Det er demonstrasjonar som smiing, hovslaging, tømring, tjærebrenning og bunadstilverking, i tillegg til eigen salshall for norske husflidshandverkerar.
Det er også lange tradisjonar for eiget «Kniv- og klokketorg» på plassen. Her har handverkarar og marknadsgjester møttest til ein god handel og ein god historie i fleire tiår. Kniv- og klokketorget er ei kulturoppleving så vel som eit handelsområde.
Du må være logget inn for å legge inn en kommentar.