”Tusen hjarteleg takk!” fra Dyrsku’n i Seljord

”Tusen hjarteleg takk!”

 

Dyrsku´n 2015 er over. Til trass for ein litt våt søndagsformiddag kan årets Dyrsku seiast å ha vore ein fantastisk suksess. Nå begynner arbeidet mot 150-årsjubileet.

Seljord-Utstillingsklar_D2X_5118

Telemarkskua takker også… Foto: © Jan E. Thorstein

Allereie fredag kl. 8 sto publikum i kø utanfor samtlege av Dyrsku´n sine fire porter. Handlelystne og spente sto publikum klare for å sikre seg dei beste tilboda, og oppleve det unike mangfaldet Dyrsku´n har å by på. Dagen skulle vise seg å bli en milepæl, når hele 30 200 besøkande tok turen til Dyrskuplassen. Aldri tidlegere har det vore over 30 000 besøkande på opningsdagen.

I tillegg til å oppleve ein av landets største marknadsplasser, fekk publikum høyre heite debattar blant både landbruksengasjerte og fylkespolitikerar. Mest merksemd fekk nok stortingspolitikar Per Sandberg (FrP) og Per Olaf Lundteigen (SP) som gjekk i tøff duell om framtidas landbruk. Det var i år Ingebrigt Steen Jensen som fekk æra av å halde opningstala, ei tale som vil hugsast i lang tid framover. Fotballidioten og landbruksentusiasten frå Bærum fekk Dyrsku-publikummet til å bryte ut i allsang før han offisielt opna det Fesjået.

”Dyrsku-fredagen var euforisk”, fortel dagleg leiar Geir Helge Espedalen. ”Aldri før har me hatt så mange inne på plassen, og tilbakemeldingane frå utstillerane er at handelen har vore helt fantastisk. Publikumstal er sjølvsagt viktig, men for oss i Dyrsku´n er det viktigaste at utstillarar og publikum sitter att med ei god oppleving. Dei 700 utstillarane skapar store delar av innhaldet på Dyrsku´n, og er med på å skape eit spennande mangfaldet som motiverer publikum til å besøkje Dyrsku´n år etter år .” avsluttar Espedalen.

Besøkande fredag 11.september fekk i tillegg til eit fantastisk Sommer-vêr med seg både folkemusikkprogram frå scenen, eksteriørtevling av kjøtfe, kalv, geit og ku. Resultata til årets tevlingar kan hentast ut her.

Handelsdag og familiemoro

Den store handelsdagen har for tradisjon å havne på laurdag. I år var ingen unntak. Til trass for noko varierande vêrmeldingar skulle det vise seg å bli ein fantastisk dag, godt besøkt og fint Dyrsku-ver. Totalt var det 35 000 besøkande innom i løpet av dagen.

Nytt av året var ei større satsing på familie- og barneaktivitetar på Dyrsku-sundagen. Totalt 18 barneaktivitetar var plassera rundt på plassen, men for mange var det nok Lillebror og Knerten som var det store høgdepunktet. Mange barn og unge satt som tente lys og fekk oppleve forstillinga som fann stad på Fjoset.

Kulturelle Dyrsku´n!

Kulturen har i mange år vore sentral på Dyrsku´n. Både handverk- og husflidsutstillingane har skapt nasjonal merksemd, og engasjerte utstillerar har gjennom helga fått med seg publikum på tradisjonelle aktivitetar og kunnskapsformidling. Nytt av året var blant anna  konsert på Fjoset med kritikerroste Valkyrien Allstars. Bandet trakk svært mange tilhøyrarar til fjoset laurdag ettermiddag.

Totalt var det 80 000 besøkande på Dyrsku´n i løpet av messas 3 dagar.

Da står det bare att å ynskje dykk alle velkomne til Dyrsku´n 2016. Året me feirar heile  150 år!

Reklamer